Arkivet: K.K. Slider

K.K. Slider sit klar kvar laurdag klokka 18.00.
K.K. Slider sit klar kvar laurdag klokka 18.00.
Publisert

Snart er det laurdagskveld igjen, og laurdagskveld er konserttid. I alle fall på Mentania, øya 11-åringen har laga seg i dataspelet Animal Crossing, som han skaffa seg i vinter, og jamt og trutt har pusla med i månadene som har følgt.

Sakte, men sikkert har Mentania vorte eit lite, triveleg øysamfunn, men stort nok til at den omstreifande trubaduren K.K. Slider tek turen innom kvar laurdag, set seg på ein krakk på torget klokka seks og tek imot låtønske frå dei som dukkar opp.

Slik har det seg at eg har lytta ein heil del til ein hund med maskinrøyst som syng på eit språk som ikkje finst, og som ikkje er redd for å nærme seg alle sjangrar som finst på kloden. Animal Crossing har jo eit globalt nedslagsområde, så ingen skal kjenne seg utestengd.

K.K. er ein tilbakelent litt hippieaktig type. Som han kunne fortelje sonen min: «Those industry fat cats try to put a price on my music, but it wants to be free.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement