Arkivet: Keith Jarrett

Publisert Sist oppdatert

Då Keith Jarrett sette seg ned ved tangentane i operahuset i Köln om kvelden 24. januar 1975, kunne omstenda ha vore betre. Pianisten var småsjuk, etter ein utmattande, lang biltur frå Zürich, og pianoet han etter planen skulle spele på, hadde vorte erstatta av eit anna – eit øvingspiano som ikkje var i god stand.

Og likevel – opptaket frå konserten, dobbelplata The Köln Concert (ECM), vart det mestseljande soloalbumet i jazzhistoria, med meir enn tre og ein halv million selde eksemplar. Då eg høyrde gjennom Köln-konserten igjen her for litt sidan, var det vemodig, ikkje minst fordi Jarrett (75) i haust sa at han aldri kom til å spele piano igjen, etter at to slag i 2018 sette han tilbake.

Eg har vendt tilbake til The Köln Concert mange gonger opp gjennom åra, etter at eg først vart introdusert for musikken gjennom ei ugløymeleg scene i Nanni Morettis Kjære dagbok (1993), der filmskaparen plasserer seg på ein Vespa og køyrer til staden er Pier Paolo Pasolini (1922–1975) vart drepen, til tonane frå Jarretts piano.

Korleis skildre improvisasjonen til Jarrett den vinterkvelden i 1975? Det er eit romantisk stykke musikk som flyt av garde og følgjer sine eigne vegar og overstig tradisjonelle sjangergrenser. Vera Brandes, som booka Jarrett, og berre var 17 år gammal då (!), har spekulert på om pianisten ein gong hadde vorte forelska under eit besøk i Köln nokre år tidlegare, og at hendinga kom tilbake til han denne kvelden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement