Arkivet: KD Lang

Publisert

Eit kvart hundreår har gått sidan Ingénue kom ut, i 1992, men den beste grunnen til å vende tilbake til dette Grammy-vinnande albumet alle desse åra seinare er ikkje den nye jubileumsutgåva, som inneheld ein akustisk MTV-konsert på kjøpet, men at det er så bra.

For mange (inkludert meg sjølv) var Ingénue det første møtet med KD Lang, og for eit møte det var. Popen hadde meir enn nokre dropar jazz i seg, og var mjuk, elegant og raffinert frå første tone. Spor frå Langs countryfortid fanst også – det tek ikkje mange sekunda før steelgitaren får setje preg på opningssporet «Save Me». Lang hadde ei fortid frå eit tribute-band som tolka Patsy Cline.

Og kven av dei som er gamle nok, hugsar ikkje hiten «Constant Craving»?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement