Arkivet: Karen Dalton
Karen Dalton var ein del av musikkmiljøet i Greenwich Village i 1960-åra.
Pressefoto
Mellom vårens markante boksutgivingar finn vi Recording Is the Trip: The Karen Dalton Archives Box Set, som løftar fram artisten Bob Dylan kalla sin favorittsongar i memoarboka Chronicles (2004). Dalton var sentral i musikkmiljøet i Greenwich Village i New York tidleg i 1960-åra, før ho forsvann derfrå, og frå musikkverda, for ikkje å komme tilbake.
Ho laga berre to plater, It’s So Hard to Tell Who’s Going to Love You the Best (1969) og In My Own Time (1971). Dei inneheldt ikkje noko ho sjølv skreiv, men skreiv gjorde ho, noko Rembering Mountains: Unheard Songs by Karen Dalton (2015) viser til fulle, med tolkingar av Sharon Van Etten, Julia Holter og Lucinda Williams, for å nemne nokre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.