Arkivet: Karantenesongar

Publisert

«Some folks will get it, but some folks gonna be left behind», observerer Ry Cooder om koronavaksinen, i herlege «Baby Started Wearing Her Mask», den nysnikra akustiske pandemibluesen som får opne Songs From Quarantine (tilgjengeleg frå Bandcamp).

Albumet inneheld 13 songar frå like mange artistar, mykje av det demoar og alternative versjonar, men Cooders skråblikk er ferskvare, og påliteleg skarpt, slik det brukar å vere når han ytrar samfunnskritikk med si raspete røyst.

Rodney Crowell er initiativtakar, inntektene går til tiltaket «Music Health Alliance», og artistlista er ganske formidabel – lat oss nemne Elvis Costello, Emmylou Harris, Jeff Tweedy, Lucinda Williams og Rosanne Cash. Steve Earle byr på ei strippa utgåve av den eksistensielle kalddusjen som er «Time Is Never On Our Side», som var å høyre på fjorårets album med The Dukes, Ghosts of West Virginia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement