Arkivet: Juliana Hatfield og The Police
Juliana Hatfield spelar dei fleste instrumenta på albumet.
Foto: Stacee Sledge
Somme lesarar vil vel hugse plata den svært så produktive Juliana Hatfield gav ut i 2018, med songar av ingen ringare enn Olivia Newton-John, og no følgjer ho på eit vis opp med Juliana Hatfield Sings The Police (American Laundromat Records).
Eg skal vedgå at eg synest slike prosjekt er artige – det er eit lite eventyr å finne ut kva som kan bu i ein song, og kva hamskifte han kan gå gjennom i hendene på ein snerten og kløktig fortolkar. Hatfield har saktens vist seg å vere ein slik. Ikkje minst er låtvalet hennar interessant. Nyleg fortalde ho ei Boston-avis at ho meiner at fleire av songane til The Police grip rett inn i vår eiga samtid, med «Rehumanize Yourself» som døme. Hadde dette coveralbumet vore ein rein hitparade, ville det ha vore langt mindre interessant.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.