Arkivet: Jule-Loudon

Publisert

Pandemien har heldigvis ikkje forhindra Nordpolen Musikklubb frå å gi ut den årlege julesingelen sin i 300 eksemplar, denne gongen med ingen ringare enn Loudon Wainwright III i hovudrolla. Dermed kan ein glede seg til ein nylytt til låtane «Christmas Morning» (opphavleg på Social Studies, 1999), «I’ll Be Killing You This Christmas» (frå Haven’t Got The Blues Yet, 2014) og «This Year» (som først var å finne på Therapy, 1989), eller alternativt oppdage denne formidable låtskrivaren og trubaduren for første gong gjennom ein god gammal sjutommar.

Wainwright III er ikkje typen til å slå seg til ro med dvask julesentimentalitet. Også i desse songane, som utspelar seg i eller byggjer vidare på eit julemotiv, er vegen kort til svart-humoristisk sjølvransaking, satire og maktkritikk. Det er ofte ei trøyst å lytte til denne songaren, fordi han seier det som det er, på ein måte som kan framkalle både tårer og ikkje minst skeive smil. Tekstane er er skarpe og poetiske.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement