Arkivet: Joni Mitchells dulcimer
Kva er det første instrumentet du høyrer på Joni Mitchells klassiske album Blue (1971)?
«All I Want» opnar med lydane av ein appalachisk dulcimer, eit strengeinstrument Mitchell gjorde til sitt eige på albumet, sjølv om ho berre gjer bruk av det på totalt fire songar – opningssongen, «Carey», «California», og «A Case of You».
Ein appalachisk dulcimer har berre tre eller fire strengar, og ein distinkt lyd – alle som har lytta til Blue vil vite kva det dreier seg om. Men kor viktig var instrumentet for Mitchell?
I ein fin artikkel om Blue i tidsskriftet Long Live Vinyl fortel Neil Crossley at Mitchell først kom over ein dulcimer på ein festival i Big Sur i 1969. Store delar av Blue vart faktisk komponert på Mitchells dulcimer, som viste seg å vere svært så transportabel – artisten har fortalt i intervju at ho dragsa han med seg på reise gjennom Europa. For å spele på instrumentet la ho det over kneet, noko som også endra måten ho spelte gitar på – i ein meir «perkussiv» stil.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.