Arkivet: Joni Mitchell

Ei ung Joni Mitchell.
Ei ung Joni Mitchell.
Publisert

Når Joni Mitchell opnar arkivet, så gjer ho det for alvor, for Archives Vol 1: The Early Years (1963–1967) famnar breitt: Nesten seks timar med musikk er å finne på utgivinga, der ein kan fordjupe seg i heimeopptak, konsertmateriale og radiosendingar, frå ei tid då artisten fann ut korleis ho skulle høyrast ut, og kven ho skulle vere. Her kan ein høyre Mitchell gå frå å vere ein gåverik fortolkar til å framføre sjølvskrive materiale, på veg til å verte ein av sin generasjons fremste låtskrivarar.

Det er fascinerande å høyre tidlege versjonar av songar som skulle verte så sentrale nokre år seinare, som «Chelsea Morning», «Both Sides Now» og «The Circle Game», og både seks timar og fire år går fort. Det tidlegaste opptaket introduserer oss for ei 19 år gammal Mitchell, på ein lokal radiostasjon i heimbyen Saskatoon i Canada, og i andre enden av denne boksen har ho vorte 23, i eit opptak frå ein nattklubb i Ann Arbor, der publikum nok er fjetra idet ho framfører «Both Sides Now», som først dukka opp på Clouds (1969).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement