Arkivet: John Prine
John Prine då han spelte på Bonnaroo Music and Arts Festival i Tennessee i juni i år.
Foto: Amy Harris / AP / NTB scanpix
Tysdagens Oslo-konsert med John Prine er flytta til 9. februar 2020 på grunn av sjukdom. Her er tre songar medan vi ventar på vinteren:
«Paradise», frå debutalbumet John Prine (1971), som Prine skreiv til far sin, er eit av nøkkelspora i Prine-katalogen og skildrar korleis kolindustrien øydela Paradise i Kentucky, byen Bill Prine vart tvinga til å flytte frå i ung alder. Far Prine døydde før plata kom ut, men sonen rakk å spele songen for han, rørande skildra i Eddie Huffmans John Prine: In Spite of Himself (2015).
Biografitittelen refererer til songen «In Spite of Ourselves», frå plata med same namn frå 1999, eit godt døme på Prines humoristiske side: eit herleg karakterportrett av eit par, der mannen «drinks his beer like it’s oxygen». Latteren er viktig hos Prine, som på scenen er ein framifrå forteljar også i anekdotane mellom songane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.