I dag ville John Lennon ha fylt 80 år, om han ikkje vart skoten ned på open gate og døydde i New York for 40 år sidan, i 1980. Att sat enka Yoko Ono, som saman med ein av Lennons to søner, Sean, har kuratert og produsert ei ny samling som kjem ut i dag, Gimme Some Truth. The Ultimate Mixes (Capitol/UMe).
Boksen kjem i både digital og fysisk utgåve, og ein luksusversjon inneheld ei bok med intervju, fotografi, brev og anna frå det som i presseomtalar vert kalla «Lennon-Ono-arkivet». Det er vanskeleg ikkje å lese føreordet til Yoko Ono utan å spekulere i kva Lennon ville ha sagt om verda slik ho ser ut i dag, om han var i live: «He believed in being truthful and that the power of the people will change the world.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.