Arkivet: Joan Baez

Joan Baez har vore i studio att.
Joan Baez har vore i studio att.
Publisert

Ti år har gått sidan sist Joan Baez gav ut ei plate, og no er Whistle Down the Wind her, eit uhyre velvalt knippe komposisjonar tolka av ei av dei mest eigenarta røystene i sin generasjon. Med seg i studio hadde Baez produsent og medmusikar Joe Henry, eit samarbeid som var viktig for korleis albumet vart sett saman og høyrest ut.

Når ein aldrande bauta vel å tolke favorittsongar, kan det fort verte nostalgisk, men Whistle Down the Wind plasserer seg markant i vår eiga tid, med sentrale versjonar av relativt nye songar av både Josh Ritter og Anohni. Baez har alltid orientert seg mot det politiske, og det gjer ho også her, men meir i den forstand at ho vel å ytre visse haldningar og etiske standpunkt med tydeleg kraft og lågmælt autoritet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement