JJ Cale gjekk bort i 2013, men er likevel plateaktuell, med Stay Around (Caroline International / Because Music), eit knippe med låtar som ikkje er gitt ut før, valde ut av enka Christine Lakeland Cale, som også er musikar, og ven og manager Mike Kappus. Nytt materiale frå den kanten har vi ikkje høyrt sidan Roll On kom ut for ti år sidan, og at denne utgivinga på alle vis er eit must for trufaste lyttarar, er det vel knapt naudsynt å påpeike.
Ein liten leiteaksjon i skuffene var knappast eit uvanleg utgangspunkt for ei Cale-utgiving då han var i live heller. Songar kunne verte liggande i årevis før dei såg dagens lys. Tittelsporet på Roll On var 34 år gammalt då plata kom ut.
Det er noko herleg heimesnikra over Stay Around, ein estetikk Cale var medviten og sjølv valde seg – han meinte musikken hans mista noko i eit dyrt studio. Kanskje vart det i så fall heller ikkje tilbakelent nok, for det læt som det skal på eit spor som stillferdig uimotståelege «Lights Down».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.