Arkivet: Jan Erik Vold, 80
Poet Jan Erik Vold og bluesmusikar Kåre Virud (t.h.) har spelt Bob Dylan-låtar i mange tiår. Det nye albumet er vigd norske diktarar gjennom 300 år.
Foto: Gitte Johannessen / NTB scanpix
I dag, 18. oktober, er det åtti år sidan Jan Erik Vold kom til verda, ein poet som også er heime i musikken, med ein rik diskografi som strekkjer seg heile vegen frå Briskeby blues (1969), debutplata med Jan Garbarek, og fram til haustens Tolv blå, der samarbeidet med Kåre Virud held fram, og Baard Slagsvold (bass, piano, vokal) og Stig Sjøstrøm (trommer) også er viktige medspelarar.
Så lenge eg har lytta til musikk og lese bøker, i alle fall nesten, har eg også lytta til Vold – til poeten, men også til vegvisaren, for det var han som peika meg og mange andre i retning av Frank O’Hara, Chet Baker, og fleire, til eit landskap der litteraturen og musikken var så tett samanvovne at dei vart del av same interesse. Eg lytta til Dylan etter instruks frå Vold, og som ung litteraturstudent slukte eg Entusiastiske essays (1976) og høyrde Vold framføre Obstfelder-jazz med Egil Kapstad og andre på konsert. Av mine absolutte favorittbrev høyrer eit eg fekk frå Vold etter at eg hadde gitt ut romanen Vesaas (2017), ja, det var stort.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.