Musikk

Arkivet: Ikkje tid til hurtigtog

Alex Chilton på South by Southwest-festivalen i Texas i USA i 2004. Han døydde i 2010, 59 år gammal.
Publisert Sist oppdatert

Far til Alex Chilton jobba med lysreklame på dagen, men i lyset frå månen var han jazzpianist, og på hi-fi-anlegget i stova lét tonane til Ray Charles, Dave Brubeck og Charles Mingus. Vesle Alex blei songar av å herme etter Chet Baker.

Han hadde aldri spelt inn noko då han som sekstenåring i 1967 blei hyra som ny vokalist for eit tidlegare highschoolband i American Sound Studio i Memphis i Tennessee. Dan Penn døypte bandet om til The Box Tops. Penn var alt i ein alder av 26 år ein legendarisk låtskrivar og for første gong produsent, med frie taumar til å lage ein hit.

Frå Wayne Thompson fekk bandet ein demo med låtar som dei kunne plukke frå. «Men ikkje gløym ’The Letter’», sa han, songen med opninga «Give me a ticket for an aeroplane/ ain’t got time to take a fast train». Bandet kom tilbake med Alex Chilton, som Dan Penn aldri hadde høyrt om. Penn trong ikkje minne dei på meir enn å synge eit tydeleg «aeroplane» (ikkje «airplane») og at røysta måtte vere så grov som mogleg. A natural singer,sa Penn om Chilton.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement