Arkivet: Hiss Golden Messenger

Frå ein konsert med Hiss Golden Messenger i desember 2018.
Frå ein konsert med Hiss Golden Messenger i desember 2018.
Publisert

11. januar i år gjekk Hiss Golden Messenger på scenen på The Cat’s Cradle i Carrboro, i heimstaten North Carolina, og framførte 15 songar, fleire av dei henta frå plater frå seinare år, som «Southern Grammar» (frå Lateness of Dancers, 2014, som for alvor fekk MC Taylors band ut til eit større publikum), tittellåten på Heart Like a Levee (2016), den medrivande avslutningslåten på Hallelujah Anyhow (2017), «When the Wall Comes Down», og «I Need a Teacher», singelen frå fjorårets Terms of Surrender – og no er heile kvelden samla på plate.

Då «I Need a Teacher» kom ut i fjor sommar, brukte MC Taylor musikkvideoen til å støtte lærarar i heimstaten i kampen for å få skikkelege arbeidsforhold i den offentlege skulen. Samtidig donerte han delar av inntektene frå konsertane til Durham Public Schools Foundation. Dette arbeidet held fram med konsertplata som no er ute, som har fått tittelen Forward, Children: A Fundraiser for Durham Public School Students.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement