Arkivet: Harry Nilsson
Eg var ikkje åleine om å leite fram Harry Nilssons Nilsson Schmilsson (1971) etter at det snertne opningssporet «Gotta Get Up» dukka opp som kjenningsmelodi i den like snertne Netflix-serien Russian Doll sist vinter, der serieskapar og skodespelar Natasha Lyonne fekk framvist det massive, mørkhumoristiske talentet sitt (i kreativt samspel med Leslye Headland og Amy Poehler). Nilssons gemytt passa perfekt til prosjektet. No får Nilsson ny merksemd, idet Losst and Founnd kjem ut, albumet han arbeidde med då han gjekk bort i ein alder av 52 år i 1994. Plata skulle verte noko av eit comeback, sidan Nilsson hadde levt eit tilbaketrekt liv storparten av 1980-åra, men slik vart det altså ikkje.
Eit kvart hundreår seinare er Losst and Founnd ein realitet, etter at produsent Mark Hudson fekk arbeidet fullført med delar av Nilssons veneflokk – folk som Van Dyke Parks og Jimmy Webb er med her. Det er ikkje vanskeleg å høyre at mykje er gjort med rudimentære råopptak, men plata minner oss like fullt om mange av Nilssons store kvalitetar som låtskrivar. Losst and Founnd er like så eklektisk som eit album som Nilsson Schmilsson – og inneheld til og med små, elegante ekko frå nett «Gotta Get Up» i låten «Animal Farm». Sjølv om nivået på langt nær er like høgt, er det ei triveleg utgiving å låne øyre til for dei som har sett pris på Harry Nilsson.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Eg var ikkje åleine om å leite fram Harry Nilssons Nilsson Schmilsson (1971) etter at det snertne opningssporet «Gotta Get Up» dukka opp som kjenningsmelodi i den like snertne Netflix-serien Russian Doll sist vinter, der serieskapar og skodespelar Natasha Lyonne fekk framvist det massive, mørkhumoristiske talentet sitt (i kreativt samspel med Leslye Headland og Amy Poehler). Nilssons gemytt passa perfekt til prosjektet. No får Nilsson ny merksemd, idet Losst and Founnd kjem ut, albumet han arbeidde med då han gjekk bort i ein alder av 52 år i 1994. Plata skulle verte noko av eit comeback, sidan Nilsson hadde levt eit tilbaketrekt liv storparten av 1980-åra, men slik vart det altså ikkje.
Eit kvart hundreår seinare er Losst and Founnd ein realitet, etter at produsent Mark Hudson fekk arbeidet fullført med delar av Nilssons veneflokk – folk som Van Dyke Parks og Jimmy Webb er med her. Det er ikkje vanskeleg å høyre at mykje er gjort med rudimentære råopptak, men plata minner oss like fullt om mange av Nilssons store kvalitetar som låtskrivar. Losst and Founnd er like så eklektisk som eit album som Nilsson Schmilsson – og inneheld til og med små, elegante ekko frå nett «Gotta Get Up» i låten «Animal Farm». Sjølv om nivået på langt nær er like høgt, er det ei triveleg utgiving å låne øyre til for dei som har sett pris på Harry Nilsson.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.