Arkivet: Harold Budd som lydspor
Harold Budd har laga musikken til den heilmørke TV-serien.
Foto: Wikipedia
Eg har late meg gripe av den heilmørke HBO-serien I Know This Much Is True, basert på ein roman (1988) av Wally Lamb, med manus og regi ved Derek Cianfrance, og, ikkje minst, lysande skodespel av Mark Ruffalo, som briljerer i dobbeltrolla som tvillingbrørne Dominick og Thomas Birdsey. Sjølv om forteljinga heile tida trugar med å drukne i misere, og tragediane følgjer tett, er dette også seriens styrke: eit blikk som ikkje vik bort frå den avgrunnen som kan råke eit menneskeliv, med tematisering av paranoid schizofreni, kreftsjukdom og spedbarnsdød.
Her under streken er likevel ønsket først og fremst å rette merksemda mot det utsøkte lydsporet til I Know This Much Is True, som er sett saman på ein førebiletleg måte. Ofte utdjupar musikkvalet karakterteikninga eller eit aspekt ved forteljinga, men alltid på subtile måtar.
Ein særleg viktig plass har musikken til komponisten Harold Budd (f. 1936), som denne lyttaren kjenner best frå samarbeidet med Brian Eno (på til dømes The Pearl, 1984), men som er vel verd å lytte til på eiga hand, eller i konstellasjon med andre krefter (mellom andre Robin Guthrie og Hector Zazou).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.