Arkivet: Grattis, Hubro!
Per Steinar Lie (t.v.), Ørjan Haaland og Nils Økland er musikarane i Lumen Drones.
Foto: Andre Løyning
Det bør sjølvsagt feirast at plateetiketten Hubro, eit herleg tilskot i det norske musikklandskapet, fyller ti år. Det har vore ein travel haust med fleire utgivingar, så vi får ta nett det som eit teikn på at føretaket har ei lang framtid, og at den eklektiske katalogen, som er like sterkt kjenneteikna av integritet som av variasjon, held fram med å vekse.
Denne helga er det jubileumskonsertar både i hovudstaden og i Bergen, der framifrå Hubro-profilar står på scenen:
I kveld dukkar både Mats Eilertsen og herlege Skarbø Skulekorps opp på Victoria, og i morgon stiller Stein Urheim opp på Blå, der han vert følgd av Erlend Apneseth med trioen sin forsterka av Frode Haltli. Er du på andre sida av fjella, er det heller ingen grunn til fortviling. Søndag finn både Urheim og gjengen i Skarbø Skulekorps vegen til Landmark i Bergen.
De som ikkje kan komme på noko av dette, skaff dykk heller siste tilskot til Hubro-katalogen, nemleg Umbra, det nye albumet frå trioen Lumen Drones, der Nils Økland (feler), Per Steinar Lie (gitarar) og Ørjan Haaland (trommer) lagar musikk i alle fall ikkje eg skal prøve å setje ei sjangernemning på. Det einaste eg veit, er at eg ikkje klarar å slutte å lytte til plata – og det er som kjent det viktigaste.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det bør sjølvsagt feirast at plateetiketten Hubro, eit herleg tilskot i det norske musikklandskapet, fyller ti år. Det har vore ein travel haust med fleire utgivingar, så vi får ta nett det som eit teikn på at føretaket har ei lang framtid, og at den eklektiske katalogen, som er like sterkt kjenneteikna av integritet som av variasjon, held fram med å vekse.
Denne helga er det jubileumskonsertar både i hovudstaden og i Bergen, der framifrå Hubro-profilar står på scenen:
I kveld dukkar både Mats Eilertsen og herlege Skarbø Skulekorps opp på Victoria, og i morgon stiller Stein Urheim opp på Blå, der han vert følgd av Erlend Apneseth med trioen sin forsterka av Frode Haltli. Er du på andre sida av fjella, er det heller ingen grunn til fortviling. Søndag finn både Urheim og gjengen i Skarbø Skulekorps vegen til Landmark i Bergen.
De som ikkje kan komme på noko av dette, skaff dykk heller siste tilskot til Hubro-katalogen, nemleg Umbra, det nye albumet frå trioen Lumen Drones, der Nils Økland (feler), Per Steinar Lie (gitarar) og Ørjan Haaland (trommer) lagar musikk i alle fall ikkje eg skal prøve å setje ei sjangernemning på. Det einaste eg veit, er at eg ikkje klarar å slutte å lytte til plata – og det er som kjent det viktigaste.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.