Arkivet: Gitarsoloen før og no
Frå ein konsert i Inglewood i California 18. februar 1985.
Foto: Liu Heung Shing / AP / NTB
I ein scenesamtale på SXSW-festivalen i 2014 delte Annie Clark (St. Vincent) nokre tankar om gitaren med musikkskribenten Ann Powers og publikum. Der forklarte ho at ho likte lyden av instrumentet best «når det ikkje høyrest ut som seg sjølv».
I si tid var ho med i bandet til Sufjan Stevens, som har trekt fram gitarstilen hennar i fleire intervju, og då ikkje minst soloane hennar. «Ho parkerer den kvite, mannlege masturbatoriske greia og brukar effektpedalane i staden», sa han til The New Yorker for fire år sidan: «Det høyrest ut som Loch Ness-monsteret set eit barn til verda inne i ein silo.»
For ein som er flaska opp på Knopfler (Dire Straits) og Gilmour (Pink Floyd), faneberarar for den-endelause-soloen-som-gir-gåsehud, har det vore herleg å oppdage kor mangfaldig floraen verkeleg er. Smaken varierer jo vilt der ute, og det finst folk ein kunne ha diskutert dette med ein heil kveld, for gitarsoloen er ikkje berre ein klimaktisk affære, han kan også overraske, overrumple eller ta alt i ei ny retning.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.