JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Arkivet: George Harrison

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1306
20210806
1306
20210806

Det ligg kjærleik bak arbeidet Dhani og Olivia Harrison, son til og enka etter George Harrison, har gjort med All Things Must Pass, trippelalbumet den då ferske «eksbeatlen» gav ut hausten 1970, som no er ute igjen i opp til fleire spesialutgåver. Med materialet som no er tilgjengeleg, er ein veritabel bauta over plata og alt rundt utgivinga reist, inkludert meir enn førti spor som tidlegare ikkje har vore utgitte. Olivia Harrison har sett saman ei heil lita bok, og Dhani Harrison har fått med seg Paul Hicks til å lage ein ny, rik lydmiks. Plata har vore nyutgitt før, men dette vil verte ståande som den definitive utgåva.

Det er saktens givande å fordjupe seg i All Things Must Pass. Tidleg på nyåret 1970 inviterte George Harrison produsent Phil Spector heim til seg, og han spelte ei omfattande mengd songar til han, gammalt og nytt. På våren gjekk innspelinga i gong for alvor i Abbey Road Studios. 

At albumet høyrer til mellom dei aller beste laga av ein eksbeatle, kan det ikkje vere tvil om. Store låtar som «I’d Have You Anytime» (skriven med Dylan), gospelinspirerte «My Sweet Lord,» «Behind That Locked Door» og ikkje minst tittelsporet står seg himla godt eit halvt hundreår seinare. Det går det an å finne ut sjølv utan dette storslegne kompendiet.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det ligg kjærleik bak arbeidet Dhani og Olivia Harrison, son til og enka etter George Harrison, har gjort med All Things Must Pass, trippelalbumet den då ferske «eksbeatlen» gav ut hausten 1970, som no er ute igjen i opp til fleire spesialutgåver. Med materialet som no er tilgjengeleg, er ein veritabel bauta over plata og alt rundt utgivinga reist, inkludert meir enn førti spor som tidlegare ikkje har vore utgitte. Olivia Harrison har sett saman ei heil lita bok, og Dhani Harrison har fått med seg Paul Hicks til å lage ein ny, rik lydmiks. Plata har vore nyutgitt før, men dette vil verte ståande som den definitive utgåva.

Det er saktens givande å fordjupe seg i All Things Must Pass. Tidleg på nyåret 1970 inviterte George Harrison produsent Phil Spector heim til seg, og han spelte ei omfattande mengd songar til han, gammalt og nytt. På våren gjekk innspelinga i gong for alvor i Abbey Road Studios. 

At albumet høyrer til mellom dei aller beste laga av ein eksbeatle, kan det ikkje vere tvil om. Store låtar som «I’d Have You Anytime» (skriven med Dylan), gospelinspirerte «My Sweet Lord,» «Behind That Locked Door» og ikkje minst tittelsporet står seg himla godt eit halvt hundreår seinare. Det går det an å finne ut sjølv utan dette storslegne kompendiet.

Øyvind Vågnes

Emneknaggar

Fleire artiklar

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtanriksSamfunn

Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati

HalvorEifring

Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet måndag denne veka.

Foto: Dag og Tid

KommentarSamfunn

Venstre­­populisme på norsk

Ap bør skale av nokre marknadsteknokratar for å gje rom for ein populistisk storkoalisjon til venstre.

Rune Slagstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis