Arkivet: Frida Ånnevik
Då Frida Ånnevik deltok i Århundrets stemme på TV 2, tolka ho melodiar frå andre artistar. No har ho gjeve ut plate med tolkingar.
Foto: Thomas Reisæter / NTB scanpix
Sjølv den beste låtskrivaren treng å synge Andre sanger om igjen, for det finst ikkje den song som ikkje peikar mot eit slektstre, mot ein genealogi som gjorde alt mogleg. Eg høyrer til mellom dei som har sett fram til at Frida Ånnevik skulle trekkje liner frå det ho har lytta til, til det ho sjølv har komponert og skrive, og no har det skjedd.
Dei som måtte tru at Andre sanger er eit kvileskjer, ei «coverplate» med rett-fram-tolkingar av låtar som har vore viktige for artisten, bør ta dette som ei åtvaring: Ånnevik har gjort noko mykje viktigare enn det – ho har attdikta songar som har hatt avgjerande verknad på hennar eigen karriere, og med dette grepet gjer ho dei på sitt vis til sine eigne.
Slik vert til sjuande og sist Andre sanger eit formidabelt uttrykk for Ånneviks grep om ord og tone. For trufaste Ånnevik-lyttarar er det fascinerande å høyre henne synge Joni Mitchell, Alicia Keys, Björk – og Alf Prøysen og Marius Müller. Andre sanger er eit nytt kapittel i ei av dei mest spennande bøkene i ny norsk populærmusikk.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Sjølv den beste låtskrivaren treng å synge Andre sanger om igjen, for det finst ikkje den song som ikkje peikar mot eit slektstre, mot ein genealogi som gjorde alt mogleg. Eg høyrer til mellom dei som har sett fram til at Frida Ånnevik skulle trekkje liner frå det ho har lytta til, til det ho sjølv har komponert og skrive, og no har det skjedd.
Dei som måtte tru at Andre sanger er eit kvileskjer, ei «coverplate» med rett-fram-tolkingar av låtar som har vore viktige for artisten, bør ta dette som ei åtvaring: Ånnevik har gjort noko mykje viktigare enn det – ho har attdikta songar som har hatt avgjerande verknad på hennar eigen karriere, og med dette grepet gjer ho dei på sitt vis til sine eigne.
Slik vert til sjuande og sist Andre sanger eit formidabelt uttrykk for Ånneviks grep om ord og tone. For trufaste Ånnevik-lyttarar er det fascinerande å høyre henne synge Joni Mitchell, Alicia Keys, Björk – og Alf Prøysen og Marius Müller. Andre sanger er eit nytt kapittel i ei av dei mest spennande bøkene i ny norsk populærmusikk.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.