Arkivet: Fred Hersch Trio, 1997

Fred Hersch Trio.
Fred Hersch Trio.
Publisert

«My Funny Valentine» (Richard Rodgers og Lorenz Hart, 1937) må vel høyre til mellom dei mest ihelspelte melodiane frå standardrepertoaret. Songen figurerte på fleire av jazzplatene eg først kom over i ungdomstida, anten det dreidde seg om Chet Baker eller John Coltrane, og gudane må vite kor mange gonger eg har høyrt han i åra som følgde.

Likevel kjennest han ny i versjonen på ´97 @ The Village, eit opptak Fred Hersch nett har gitt ut frå den legendariske New York-klubben The Village Vanguard, med det som var trioen hans i 1997, med Drew Gress på bass og Tom Rainey på trommer.

´97 @ The Village er ei perle av eit album: energisk, lyrisk, fantasifullt, funky. Då konserten fann stad, hadde Gress og Rainey spelt saman med Hersch i seks år, og dei hadde laga fire studioalbum saman, Dancing in the Dark (1992), Plays ... (1994), Point in Time (1994), og Billy Strayhorn-albumet Passion Flower (1996). Dei som veit litt om livet til Hersch, veit at dette var intense år for pianisten av fleire grunnar. Hersch var den første jazzmusikaren som fortalde om både den homofile legninga si, og om at han var hivpositiv, i 1993, og han gjorde mykje for å spreie kunnskap om aids i tida som følgde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement