Arkivet: Forteljingar om songar

Frontfiguren Trent Reznor i bandet Nine Inch Nails på ein konsert i Boston.
Frontfiguren Trent Reznor i bandet Nine Inch Nails på ein konsert i Boston.
Publisert

Korleis er eigentleg denne songen laga, korleis vart han til? Spørsmålet kan ofte by på overraskande svar, og det kan verte god radio av det – slik må Hrishikesh Hirway ha tenkt då han gjekk i gang med podkasten Song Exploder i 2014. I kvar ny episode er ein gjest med på å skru frå kvarandre ein komposisjon ho eller han har vore djupt involvert i å lage. Konseptet er enkelt, men likevel slitesterkt. Ikkje minst har det fungert så godt fordi Hirway er så smittande nyfiken og gir artistane rom til å uttrykkje seg.

At Song Exploder når eit breiare publikum, er stadfesta av at Netflix har laga ein TV-versjon, heldigvis med Hirway som programleiar – første sesong baud på møte med Alicia Keys, Lin-Manuel Miranda, R.E.M. og Ty Dolla $ign, og til mi overrasking tok programskaparane seg tid til å spele av heile songen kvar utgåve sirkla inn, på tampen, slik radioversjonen har gjort.

No er andre sesong ute, med episodar med Dua Lipa, The Killers, Natalia Lafourcade – og, ikkje minst, Nine Inch Nails, og songen «Hurt», Trent Reznors bekmørke komposisjon som først kom ut som siste spor på det like mørke konseptalbumet The Downward Spiral (1994).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement