Arkivet: Flight of the Conchords

Jermaine Clement og Bret McKenzie har laga konsertplate.
Jermaine Clement og Bret McKenzie har laga konsertplate.
Publisert

Dei kan ha råd til å ta med seg New Zealand Symphony Orchestra på turné, Jermaine Clement og Bret McKenzie i Flight of the Conchords, i alle fall i utgåva av orkesteret som vi høyrer på Live in London – for det har berre éin musikar.

Det var ein svært god idé å lage konsertplate for bandet som har kalla seg «New Zealand’s fourth most popular guitar-based digi-bongo acapella-rap-funk-comedy folk duo». Nokre av songane vil vere kjende for lesarar som følgde med på HBO-serien Flight of the Conchords, som gjekk over to sesongar på totalt 22 episodar i 2009, men her er det også mykje nytt å glede seg over, ikkje minst om ein inkluderer småpraten mellom songane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement