Arkivet: Enos dagbøker

Brian Eno då han deltok i ein paneldebatt med Apollo-astronautar i Sveits i 2019.
Brian Eno då han deltok i ein paneldebatt med Apollo-astronautar i Sveits i 2019.
Publisert

Den første dagen i 1995 laga Brian Eno vårkylling til middag, han røykte ein sigarett og drakk to glas vin. Han kom til å tenkje på far sin, som hadde ført dagbøker som eit strategisk ledd i kampen mot seni­-
li­teten.

Dette første opp­slaget i A Year With Swollen Ap­-
pendices: Brian Eno’s Diary, først utgitt i 1996, og no på nytt i utvida utgåve, er talande for innhaldet mellom permane, som kombinerer idear, observasjonar og skildringar av opplevingar av ordinær eller triviell art med kunstnarleg samarbeid med nokre av dei største artistane i samtida.

For slike som meg – Eno-interesserte med høg nok nerdefaktor – er det ein aldri så liten lesefest.

Eno skreiv lenge utan å tenkje på publisering. Det er til trøyst å lese at også dette mennesket kan prokrastinere og synest han kastar vekk for mykje tid på Photoshop (!), og at han slit med laster og helseproblem av større og mindre art. (Han vart 47 år i 1995.)

Sjølvskryt vert det lite av når ein skriv for seg sjølv. Skrifta er snarare prega av glimt i auget, tørr sans for humor og usystematiske spekulasjonar av ein type som sjeldan får plass i intervjusamanheng eller i essaystikk.

Refleksjonar om kunst og teknologi dukkar ikkje overraskande opp, av og til i stikkordsform, mellom middagar, leik med døtrene og barndomsminne. Og så er det anekdotane, frå kreativt samarbeid med Bowie og U2 og andre, for ein dag på jobben for Brian Eno er også ein form for kvardag, kor lite han enn liknar på din eller min. Sladder vert det lite av, men vi kjem likevel heilt inn i det private rommet, der det mellom anna viser seg at ingen kan vere trygge når Bono set seg i førarsetet i ein bil.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement