Arkivet: Elvis og det store countrymørkret

Elvis Costello er framleis vital.
Elvis Costello er framleis vital.
Publisert

Elvis Costello er dobbelt plateaktuell i desse dagar. Ikkje berre byr han sjølv på eit knippe nye låtar på haustens ferske album, Hey Clockface – songskatten hans er også utgangspunktet for Country Darkness, plata My Darling Clementine gir ut saman med pianist Steve Nieve, som fleire lesarar vil kjenne som ein av Costellos mest sentrale samarbeidspartnarar, frå The Attractions og i seinare år The Imposters.

Hey Clockface er typisk eklektisk og raust mangfaldig, og det står ikkje på vitaliteten heller, etter at Costello i sommar fylte 66 år, men albumet er likevel noko sprikande og ujamt.

Slik har Country Darkness fått meir av mi merksemd, for duoen Michael Weston King og Lou Dalgleish, saman med Nieve, byr rett og slett på ein ny og fascinerande inngang til nokre velvalde nedslagspunkt i Costello-diskografien. Sjølv om dei rører seg fritt på kryss og tvers, er plata deira meir konsekvent og koherent enn Hey Clockface.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement