«Det er natt i den store byen. Regnet fell, tåka rullar inn i hamna. Ein sjukepleiar på nattskiftet røyker den siste sigaretten i pakka.»
Med desse orda, framførte av ei gåtefull kvinnerøyst, opna det første programmet i Bob Dylans radioserie, «Theme Time Radio Hour», på denne dagen for 13 år sidan. Temaet i første episode: «Weather».
«Curious about what the weather looks like», spurde Dylan sjølv, i anslaget, og følgde opp: «Just look out your window, take a walk outside.»
Det var fleire enn meg som vart overraska då Dylan stod fram som radiovert. Men for ein herleg serie som kom ut av det. Småprat vert magisk radio når det er denne mannen som sit ved mikrofonen, og det eklektiske musikkvalet gjorde artisten til favoritt-radio-DJ for mange ei tid. Muddy Waters, Irma Thomas og Sister Rosetta Tharpe var mellom dei som fekk synge om vêret i første episode i 2006. Tematiske episodar følgde: «Mothers», «Drinking», «Baseball», «Coffee» og så vidare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.