Arkivet: Dylan igjen
I 2001 innleidde Bob Dylan europaturneen sin med konsert på torget i Trondheim.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
I kveld står Bob Dylan på scenen i Bergen for tredje gong, etter ein turnépause på vel seks veker, det vert den første av 14 konsertar utover sommaren, som også vil føre han til Oslo (29. juni). Mannen fylte 78 år for nokre veker sidan. Her gjeld det å ta turen.
Får vi eit nytt repertoar, slik tilfellet av og til er etter ein pause frå turnélivet? Skeivar han ut på scenekanten, bøygd over munnspelet? Stiller han seg bak tangentane og vert ståande der storparten av konserten?
Då Dylan først kom til Bergen i 2001, endra det på byens status som konsertstad, har Bergenfest-sjef Frank Nes fleire gonger sagt. Då artisten vende tilbake ti år seinare, i 2011, var det ingen som fekk hakeslepp.
Sjølv ser eg mest fram til å høyre Dylan framføre nyare materiale, og med ein karriere med eit slikt omfang tyder det låtar som har vorte til i tidsrommet sidan artisten vitja Bergen for første gong, og då særleg frå rimeleg ferske klassikarar som Modern Times (2006) og Tempest (2012).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.