Arkivet: Delvon Lamarr orgeltrio
George Michaels «Careless Whisper» (1984) som orgeljazz, framført som ein standardlåt frå den store songboka?
Jepp, det er det du får på Delvon Lamarr Organ Trios I Told You So (Colemine/Border), eit album som plateselskapet med gode grunnar meiner representerer «the lost art of feel good music», og det funkar som ei kule.
Lyden av eit Hammond B3-orgel, kan noko eigentleg slå den? Det kjennest ikkje slik etter ei feststund med Lamarr ved tangentane. Trioen lagar orgeljazz som gir assosiasjonar til Jimmy Smith og Booker T & the M.G.’s. Gitarist Jimmy James byr på herlege ekko frå spelet til profilar som Steve Cropper og Grant Green, og trommis Dan Weiss ber i seg rytmen frå funkkollektivet han er med i, The Sextones. Det kokar på alle plater på dette kjøkkenet.
Visste du elles at George Michael laga ein første versjon av songen sin i legendariske Muscle Shoals, med produsent Jerry Wexler bak spakane? Kanskje er det denne versjonen Lamarr manar fram, ikkje veit eg. Michael valde å la han vere, og mange saksofonistar fekk prøve seg før ein av dei klarte å lage melodien artisten ønskte seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.