Ei tid etter at Daniel Johnston (1961–2019) fann vegen til Austin i Texas i 1980-åra, tok rykta etter kvart til å gå om kassettbanda han delte ut til folk han trefte på, mellom anna på jobben på McDonald’s. Mellom songane som festa seg for fleire og fleire, var «Worried Shoes», som var å finne på kassetten som fekk tittelen Yip/Jump Music.
Og når eg no sit og lyttar til nett «Worried Shoes», er det i ei utgåve frå 2017, nærare bestemt frå ein konsert i Vic Theater i Chicago det året då Johnston la ut på det som skulle verte hans siste turné, med eit band bak seg som romma Jeff Tweedy og sonen Spencer, Darin Gray, James Elkington og Liam Kazar.
Kvelden i Chicago er nemleg å finne på Chicago 2017 (Dbpm Records), ei vinylutgåve som berre vert trykt i 2000 eksemplar, og der inntektene går til «Hi, How Are You Project», ein ikkje-kommersiell organisasjon som systematisk oppmodar til samtalar om mental helse og ulike omliggjande stigma.
Outsideren Johnston vart ein kultfigur på den nordamerikanske musikkscenen, samstundes som han hamna på psykiatriske institusjonar i mange og lange periodar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.