Arkivet: Cuphead

Publisert

Eit lydspor til eit dataspel som er spelt inn live med 42 musikarar, inkludert eit storband med 13 medlemmar, eit ensemble på ti og eit fint knippe solistar og ragtimepianistar?

Jepp, dette finst, det er ikkje ein draum, og det har gjort det mogleg for meg og den elleve år gamle son min å lytte til musikk saman, slik vi også har lytta til Studio Ghibli-musikk opp gjennom åra.

Spelet – og lydsporet – ber tittelen Cuphead (2017) og er utvikla av indiestudioet StudioMDHR, drive av brørne Chad og Jared Moldenhauer. Det dreier seg om eit estetisk kresent prosjekt der datagrafikken er handteikna, i 1930-talsstil.

Då måtte musikken sjølvsagt verte tilpassa deretter, eit oppdrag som fall på komponist Kristofer Maddigan. Resultatet er rikt, både i stil og innhald, med 56 spor over tre timar, som også StudioMDHR har gitt ut på vinyl (!).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement