Plateselskapet 4AD har gått systematisk til verks når dei gir ut Cocteau Twins-albuma i nye vinylutgåver, og går heilt tilbake til kjeldematerialet som ligg i dei analoge lydopptaka. No er turen kommen til Treasure (1984), den tredje utgivinga til bandet. Plata var mitt første møte med dei, og har difor ein eigen plass i diskografien for min del.
Då Treasure kom ut, var Cocteau Twins i ein formativ, kreativ periode. Vokalist Elizabeth Fraser og gitarist Robin Guthrie hadde fått selskap av altmoglegmann Simon Raymonde, som dei hadde møtt då dei var med på det klassiske This Mortal Coil-prosjektet i 1983. Meir enn noko anna definerte Frasers røyst den svevande popmusikken til Cocteau Twins, og ho står framleis fram som ein av dei flottaste popsongarane vi har hatt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.