Arkivet: Chris Gantry

Publisert

Platehistoria er alltid mogen for å verte omskriven med nye aktørar i sentrale roller, eller for å omplassere ei og anna utgiving i ein viktigare posisjon enn ein tidlegare hadde trudd. Og nokre gonger dukkar det opp noko ein aldri fekk høyre, og som ein burde ha fått høyrt.

Denne hausten ser turen ut til å ha komme til Chris Gantrys At The House of Cash (Drag City), ei plate som aldri såg dagens lys etter at ho vart spelt inn i 1973. Kvifor?

Gantry fekk ikkje eit selskap til å satse på materialet, la det bak seg og gjekk vidare. Songane han hadde spelt inn i studioet til Johnny Cash, hamna i skuffen. Grunnen var til dels ei sjangernedbrytande haldning til countrymusikken – slik industrien i Nashville definerte denne – som den gongen var fatal, og som i dag verkar toleleg eksentrisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement