Arkivet: Cecilie Anna

Publisert

Det er ikkje få kunstnarar som har påpeikt det den siste tida, men det å setje seg til i relativ isolasjon er jo modus operandi for fleire kreativt skapande, for det er jo der det ofte skjer. Så også for låtskrivar og komponist Cecilie Anna, og for litt sidan var eg heldig nok til å få gløtte inn i laboratoriet hennar, der det er dei lange linjene som tel.

Fleire lesarar sette pris på dei to studioplatene Cecilie Anna har laga, og dei som er nyfikne, kan finne ut meir på cecilieanna.com. Men kva følgjer I’m Here (2017) og New Bird (2019)?

Songar veks til, kan eg rapportere, men dei får den tida dei treng, kvar og ein av dei, i eit trygt veksthus. Ein idé kan sjølvsagt ta form, i ein restaurant med utsikt mot tåkedekte fjell. Ei tidleg skisse kan verte til i ein raptus, etter nokre minutt i ein bil på veg tilbake frå ei strand. Brått finst noko som ikkje fanst før, ein kime til noko som skal verte til.

Eit lite knippe demoar kom min veg, og sjølv om Cecilie Anna er tru mot sine meir langsiktige visjonar, tek ho også nye steg i nye retningar. Ikkje minst orienterer ho seg som komponist på spennande vis mot andre røyster enn si eiga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement