Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Arkivet: Cecilie Anna

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Paal Audestad

Paal Audestad

1562
20200508
1562
20200508

Det er ikkje få kunstnarar som har påpeikt det den siste tida, men det å setje seg til i relativ isolasjon er jo modus operandi for fleire kreativt skapande, for det er jo der det ofte skjer. Så også for låtskrivar og komponist Cecilie Anna, og for litt sidan var eg heldig nok til å få gløtte inn i laboratoriet hennar, der det er dei lange linjene som tel.

Fleire lesarar sette pris på dei to studioplatene Cecilie Anna har laga, og dei som er nyfikne, kan finne ut meir på cecilieanna.com. Men kva følgjer I’m Here (2017) og New Bird (2019)?

Songar veks til, kan eg rapportere, men dei får den tida dei treng, kvar og ein av dei, i eit trygt veksthus. Ein idé kan sjølvsagt ta form, i ein restaurant med utsikt mot tåkedekte fjell. Ei tidleg skisse kan verte til i ein raptus, etter nokre minutt i ein bil på veg tilbake frå ei strand. Brått finst noko som ikkje fanst før, ein kime til noko som skal verte til.

Eit lite knippe demoar kom min veg, og sjølv om Cecilie Anna er tru mot sine meir langsiktige visjonar, tek ho også nye steg i nye retningar. Ikkje minst orienterer ho seg som komponist på spennande vis mot andre røyster enn si eiga.

Det gir meining. Når natta kjem, og verda rundt har stilna, summar songane i Cecilie Anna, og notisboka er ikkje langt unna. Då finst det eit samband der, mellom songane som kjem til, og dei som alt finst, av sjelefrendar som held på med sitt, i si eiga natt. Ein sirkel av inspirasjon, kalla artisten sjølv det for litt sidan, og slik heng det saman. Det er berre å følgje med.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis