Arkivet: Cat Power
Cat Power er artistnamnet til Chan Marshall.
Foto: Chris Pizzello / AP / NTB scanpix
Cat Power – eller Chan Marshall, som ho eigentleg heiter – skal til å leggje ut på turné i heimlandet USA. Dit er det stort sett langt, og gjerne for langt, men då kan kanskje eit fint NPR-opptak vere ei grei trøyst: I vinter stilte nemleg Marshall opp i konsertserien «Tiny Desk», der artistar framfører litt musikk for eit lite publikum – i eit kontorlokale. Enkelt og godt konsept.
To av spora vi får høyre, er henta frå fjorårets flotte album Wanderer. Det tredje, «The Moon», var først å høyre på klassiske The Greatest (2006). Dei dempa tolkingane, der særleg Erik Paparazzi på piano er viktig, er heilt utan staffasje og beint fram nydelege.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.