Arkivet: Calypso Rose

Calypsodronninga Calypso Rose, eller McArtha Linda Sandy-Lewis, som ho heiter.
Calypsodronninga Calypso Rose, eller McArtha Linda Sandy-Lewis, som ho heiter.
Publisert

Det er unekteleg vår, og kven er vel betre rusta til å minne oss om det enn McArtha Linda Sandy-Lewis, også kjend som Calypso Rose?

Kvinna som ofte får tilnamnet «calypsodronninga», vart fødd på den karibiske øya Tobago i 1940. Ho dreg dermed så smått på åra, utan at det hindrar ferske So Calypso! (Because/Caroline) frå å vere ei herleg vital kraftsalve av ei plate.

Denne gongen har Calypso Rose bestemt seg for å hylle artistar som har hatt mykje å seie for henne opp gjennom tidene. Mellom desse finst både The Melodians, Angelique Kidjo og ikon som Nat King Cole og Aretha Franklin – ei fin blanding. Halvparten av dei tolv songane har dronninga skrive sjølv, andre halvparten er tolkingar.

Om versjonar av låtar plasserer seg i eit slags slektstre, må folk som Dionne Warwick (1966), Aretha Franklin (1968) og Jackie Leven (1994) finne plass til ei ny grein i det viltveksande «I Say A Little Prayer»-treet. Tolkinga Calypso Rose gjer av Burt Bacharach-klassikaren finn seg godt til rette der, og kjem til å få nokre rundar hos meg denne sommaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement