Arkivet: Bruce Springsteen
Bruce Springsteen då han kom til premieren på Toronto internasjonale filmfestival 12. september i år.
Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB scanpix
Måndag fyller Bruce Frederick Joseph Springsteen saktens 70 år. Tenk det! Det nærmar seg raskt eit halvt hundreår sidan platedebuten i 1973, men det er få teikn til at fyren som fekk tilnamnet «The Boss», skal pensjonere seg.
Det har gått mange år sidan eg har lytta så mykje til ei ny Springsteen-plate som eg gjorde til årets vitale Western Stars, og difor var det eigentleg godt nytt då det vart kjent at Springsteen Incorporated har laga ein konsertfilm som følgjer albumet. Regien er det (som med Springsteen on Broadway) Thom Zimny som står for, saman med (for første gong) Springsteen sjølv.
Filmen Western Stars hadde verdspremiere på filmfestivalen i Toronto for vel ei veke sidan og er etter rapportane å døme umisteleg for lyttarskaren. Her vert songane på plata framførte med orkester i ein gammal låve for eit lite publikum, innramma av forteljingar, små vignettfilmar og arkivmateriale ingen har sett før. Og heilt til slutt, står det å lese i omtalar av Western Stars, får vi ein versjon av Glen Campbells «Rhinestone Cowboy». Det kan neppe gå heilt gale.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Måndag fyller Bruce Frederick Joseph Springsteen saktens 70 år. Tenk det! Det nærmar seg raskt eit halvt hundreår sidan platedebuten i 1973, men det er få teikn til at fyren som fekk tilnamnet «The Boss», skal pensjonere seg.
Det har gått mange år sidan eg har lytta så mykje til ei ny Springsteen-plate som eg gjorde til årets vitale Western Stars, og difor var det eigentleg godt nytt då det vart kjent at Springsteen Incorporated har laga ein konsertfilm som følgjer albumet. Regien er det (som med Springsteen on Broadway) Thom Zimny som står for, saman med (for første gong) Springsteen sjølv.
Filmen Western Stars hadde verdspremiere på filmfestivalen i Toronto for vel ei veke sidan og er etter rapportane å døme umisteleg for lyttarskaren. Her vert songane på plata framførte med orkester i ein gammal låve for eit lite publikum, innramma av forteljingar, små vignettfilmar og arkivmateriale ingen har sett før. Og heilt til slutt, står det å lese i omtalar av Western Stars, får vi ein versjon av Glen Campbells «Rhinestone Cowboy». Det kan neppe gå heilt gale.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.