Det var artisten Cecilie Anna som peikte meg i retning av songane Bill Callahan og Bonnie «Prince» Billy har delt med verda dei siste vekene, tolkingar av andre sine låtar framførte med gjestar av ulik art – det hadde gått meg hus forbi, men no går eg stadig og ventar på kva som vil verte det neste i rekkja frå den kanten. Det dreier seg om eit par lure skruar som saktens ikkje har mista evna til å overraske, verken når det gjeld kven som dukkar opp, eller kva slags materiale som vert løfta fram.
Folk som Alasdair Roberts og Sean O’Hagan har gjesta, og låtvalet er herleg uføreseieleg. Sistnemnde var med på ein versjon av Billie Eilish-songen «Wish you were gay», og rett på nyåret hadde valet falle på «Rooftop Garden», avslutningssongen på Lou Reeds Legendary Hearts (1983), der karane hadde fått med seg luttvirtuosen George Xylouris. Rett oppunder jul var Meg Baird med på ein versjon av Little Feats «I’ve Been the One» (frå debutalbumet deira som kom ut for eit halvt hundreår sidan i år).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.