Arkivet: Big Star

Publisert

Det finst få album eg har større glede av å setje på, enn Big Stars debutplate #1 Record, som kom til verda meir eller mindre akkurat til same tid som meg sjølv, i august 1972, på det vesle Memphis-selskapet Ardent Records, utan at veldig mange fekk det med seg.

Ikkje så lenge etterpå var nøkkelmedlemen Chris Bell ute av bandet, og då dei gjekk på scenen utpå nyåret i 1973 i heimbyen Memphis, var berre Alex Chilton, Jody Stephens og Andy Hummel igjen.

Ferske Live At Lafayette’s Music Room (Omnivore/Warner) dokumenterer eit Big Star på veg til å verte meir rufsete og rocka, no som dei mangla Bells delikate sensibilitet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement