Arkivet: Aretha Franklin
Aretha Franklin i gospelmodus.
Foto frå filmen
Rett før påske var konsertfilmen Amazing Grace på plass i NRKs nettspelar, der han etter alt å dømme vil vere tilgjengeleg ei god stund framover, etter å ha vorte vist på filmfestivalar rundt om i verda ei stund.
Amazing Grace har ei interessant forhistorie. Aretha Franklin var 29 år gammal då ho fann vegen til New Temple Missionary Baptist Church i Los Angeles, saman med gospelikonet og karismatikaren James Cleveland og Southern California Community Choir. Kvelden resulterte i albumet Amazing Grace (1972), men vart også filma, i 16 mm, av eit kamerateam leia av regissør Sydney Pollack. Trøbbel med synkronisering av lyd og bilete førte til at opptaka hamna i arkivet, og Franklin sjølv motsette seg livet gjennom nye (og vellukka) forsøk på å løyse dei tekniske problema, av ukjende grunnar.
Men etter at ho gjekk bort i 2018, gjekk familien hennar med på å få filmopptaka ut i verda, og du skal ikkje sitje mange minutt med Amazing Grace før du er glad for akkurat det. Om ein skal bruke ordet «oppløftande» om musikk, er det vanskeleg å sjå at det kan passe betre enn her. Trøkket Franklin får til med bandet, Cleveland og koret, er formidabelt, og klisjeen om at taket løftar seg, har vel sjeldan passa betre enn med dette stykket åndeleg musikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.