Arkivet: Amazing Grace
Aretha Franklin spelte inn gospelalbumet i ei baptistkyrkje i Los Angeles i 1972.
Foto frå filmen
Det vart heldigvis rabalder då vi i mai fekk høyre at konsertdokumentarfilmen Amazing Grace mangla norsk distributør. I løpet av vinteren hadde den eine meldinga meir entusiastisk enn den førre tikka inn frå filmfestival etter filmfestival. Endeleg hadde den smått myteomspunne filmen regissert av Sydney Pollack sett dagens lys og levde heilt opp til forventningane.
Heldigvis tok Arthaus ansvar – takk for det! Etter planen skal filmen ha premiere no i august.
Det var i 1972 Aretha Franklin spelte inn gospelplata Amazing Grace i New Temple Missionary Baptist Church i Los Angeles, med Southern California Community Choir, James Cleveland på vokal og piano, Bernard Purdie på trommer og Chuck Rainey på bass. Filmen skulle ut same år, men det viste seg vanskeleg å synkronisere lyd og bilete, og prosjektet vart skrinlagt. I nyare tid har filmen likevel vore på tampen til å få premiere fleire gonger, utan at det har skjedd. Etter at Franklin gjekk bort i 2018, kom familien hennar til at filmen likevel skulle verte vist.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.