Arkivet: Alexandre Desplats Isle of Dogs
Tolvåringen Atari prøver å berge hunden sin.
Foto: Twentieth Century Fox Norway
Wes Andersons film av året, Isle of Dogs, baud på ei stor oppleving i kinomørkret – sjeldan ser ein stop motion-animasjon av eit slikt format, for det skal ein god dose dedikasjon og tolmod til for å skape eit slikt fiksjonsunivers. Det er ikkje for ingenting at regissør Anderson er kjend som ein formidabel estetikar og ein utrøytteleg perfeksjonist.
Også lydsporet var framifrå, og det var det Alexandre Desplat som stod bak – komponisten som fekk ein Oscar då han sette musikk til Andersons The Grand Budapest Hotel (2014), og vart nominert til same pris for musikken til Fantastic Mr. Fox (2009), den førre animasjonsfilmen frå den kanten.
Det er ikkje tvil om at Desplat i likskap med Anderson har late seg inspirere av filmane til Akira Kurosawa (1910–1998) i arbeidet med Isle of Dogs. Likevel er lydsporet mest av alt ein markant demonstrasjon av kor godt komponisten kjenner gemyttet og sensibiliteten til regissøren. I likskap med forteljinga er også musikken elegant, vemodig og vilter om kvarandre, i ein herleg miks.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.