Så er opptaka frå dei to junikveldane då a-ha gjorde akustiske konsertar i Øygardshallen på Giske ute på plate. MTV Unplugged: Summer Solstice byr på 21 songar over to CD-plater, og har vorte ei triveleg og elegant utgiving for gamle og nye lyttarar. Ikkje minst takka vere flotte arrangement ved Lars Horntveth og eit sterkt lag med musikarar: Morten Qvenild på tangentar, Even Ormestad på bass og Karl Oluf Wennerberg på perkusjon, Horntveth på ei rekkje instrument, Madeleine Ossum på fiolin, Emilie Lidsheim på bratsj og Tove Margrethe Erikstad på cello.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.