Arkivet: 1959

Johan Haukenes held foredrag om jazzåret 1959 i Oslo neste tysdag.
Johan Haukenes held foredrag om jazzåret 1959 i Oslo neste tysdag.
Publisert

Eg veit kva veg vinden blæs i 1959, er det ikkje det det heiter i ein song?

Sisters of Mercy-låten figurerer neppe i foredraget Johan Hauknes held på tysdag som kjem, altså den 15. januar, sjølv om tittelen er den same – 1959. Temaet for Hauknes er rett og slett kva som gjorde 1959 til eit så viktig jazzår.

Kva var så det?

Eg har aldri tenkt på det før eg las programomtalen, men både Billie Holiday, Lester Young og Sidney Bechet døydde dette året. Men om ting berre tok slutt i 1959, hadde det vel neppe vore utgangspunktet for eit foredrag.

Det dreier seg om eit omveltande år på så mange vis. 1959 var året då jazz ikkje lenger var ein sjanger, hevdar Hauknes i ein omtale av foredraget sitt, som skjer i regi av Oslo Jazz Circle, som har funne vegen til Victoria Nasjonal Jazzscene.

Eller, omformulerer Hauknes: 1959 var året då jazzen slutta å vere jazz.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement