Appropriasjonen
Kor godt fungerer J.S. Bachs tre gambesonatar på bratsj?
Cembalisten Masato Suzuki og bratsjisten Antoine Tamestit.
Foto: Norbert Prümen
Johann Sebastian Bach (1685–1750) skreiv få, men utsøkte stykke for viola da gamba, det barokke, celloliknande strykeinstrumentet med seks eller sju strenger me gjerne kallar «gambe». Kva gambestykke er mest kjende hjå Bach? I kyrkjemusikken er det vel ariane i dei to pasjonane, og i orkestermusikken den sjette «Brandenburgkonserten», der høvesvis to bratsjar og gambar spelar toppstemmene, noko som skaper ein liksom ravgul klangfarge. Men det er i kammermusikken me finn dei viktigaste verka, nemleg dei tre sonatane for gambe og cembalo obligato. Obligato tyder her at cembaloen ikkje improviserer akkordar med høgrehanda, slik det er vanleg i barokkmusikk (såkalla basso continuo), men spelar ei utskriven melodiline. Dette gjer stykka til triosonatar, sjølv om berre to instrument er med.
Klassikaren
Om nokon skulle stilla meg det gamle «kva ville du teke med deg på ei aude øy»-spørsmålet, med den vrien at eg fekk ta med meg tre Bach-CD-ar, ville nok ei innspeling av gambesonatane vore med, nærare bestemt den som gambisten Paolo Pandolfo gjorde med cembalisten Rinaldo Alessandrini på plateselskapet Harmonia Mundi i 1999.
Sonaten i g-moll, BWV 1029, har alltid vore min favoritt, for han stikk seg fram med uvanleg catchy musikalske tema, som blir utvikla og varierte på genialt vis. Formalt sett har Bach her skapt ein hybrid mellom den strenge tyske triosonaten og den livlege italienske concerto-forma, den som vekslar mellom ritornell (refreng) og virtuose solopassasjar.
Stradivarius
Gamben har fleire strenger enn celloen, som har fire, og kan difor operera i så høgt register at det nærmar seg lyden av ein bratsj. Og det er nettopp bratsj han nyttar, franske Antoine Tamestit, på sitt nye album med den røynde Bach-eksperten Masato Suzuki frå Japan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.