Musikk

Anne Hytta i tre versjonar

Spellemannvinnar Anne Hytta har spelt inn tre plater med ulike uttrykk det siste året.

Publisert Sist oppdatert

Årets vinnar i klassen for folkemusikk under årets Spellemannpris, Anne Hytta, er ein musikar som utmerkar seg ved å kombinera strengt tradisjonsmedvit med ei open haldning til nyare uttrykk. Nett det er det mange som prøver å gjera, men få gjer det så gjennomført som Hytta. Det siste året har ho vore involvert i tre svært ulike produksjonar – på tre ulike plateselskap – som til saman viser korleis det går an spreia seg stilistisk utan å verta splitta.

Kommentator

Sogesong er ein duo der Hytta ikkje spelar hovudinstrumentet sitt, hardingfele, men derimot mellomalderinstrumentet fidla i samspel med kvedaren Øyonn Groven Myhren. Her tek Hytta rolla som diskret kommentator til songstemma som – til eige akkompagnement på lyre – framfører åtte (til dels lange) balladar. Her er det forteljinga som står i sentrum, musikken er rytmisk gjentakande og det er små, enkle melodiliner som slyngjer seg inn og ut rundt tekstlinene.

Tendensar til minimalisme finn ein òg i trioen Slagr, der hardingfela til Hytta kling saman med cellisten Katrine Schiøtt og Amund Sjølie Sveen på vibrafon og glas. Medan balladeprosjektet er prega av rytmisk framdrift, er Slagr eit ensemble som dyrkar klangflater, dronar og dei langsame rørslene. Denne reindyrkinga av det stillferdige i musikken har òg fått konsekvensar for nokre av konsertane til Slagr, der publikum får ligga, og eventuelt sova. All musikken er komponert av Hytta og medspelarane hennar, og bortsett frå hardingfeleklangen er det lite som får meg til å tenkja på folkemusikk her. Klangleg er det mykje som minner om dei meir stillferdige delane av samtidsmusikken og den elektronisk baserte ambient-musikken, sjølv om dette er ein gjennomført akustisk produksjon.

«Ein samtale med fela»

Den førre plata til Slagr vann Spellemannprisen i «open klasse» i 2015, og i år er Hytta atter vinnar, men denne gongen med soloplata Strimur. Og her reindyrkar ho musikken ho vaks opp med – slåttespelet frå Telemark – og som ho sidan fordjupa seg i under rettleiing av læremeistrane Einar Løndal og Knut Buen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement