Musikk
Andersen og Vinaccias katekisme
In-House Science er ein verdig oppfølgjar til Live at Belleville, ti år etter.
Denne trioen har hatt mange gode dagar på jobben. Ein av dei var 29. september i 2016 i ærverdige Villa Rothstein i Bad Ischel i Salzkammergut. Det er mest ti år sidan legendariske Live at Belleville kom, og trioen gav for fem år sidan ut studioalbumet Mira. Trioen har utvikla eit særeige samspel der dei musikalske temperamenta til Andersen og Vinaccia ligg som ein solid botnplanke.
Det er spesielt å lytta til samarbeidet mellom Andersen og Vinaccia på denne plata. Telepati er ein velbrukt klisjé for å skildra tett samspel, men på låten «In-House» er det vanskeleg å finna andre ord.
Konsertutdraget byrjar vakkert, men noko reservert, med «Mira». Etterpå tek det fyr, og ein merkar at publikum er med på notane. Andersen-klassikaren «Science», som tek til i eit vanvitig tempo, er ein typisk tour de force der dialogen mellom Andersen og Vinaccia slår ut i full blom. Smith veit heile tida kva som er i vente, og er på høgd med situasjonen. «Venice», ein Andersen-komposisjon frå Masqualero-tida, kjem så. Smith presenterer det kjente ostinatet, før Andersen tek fatt i det og ganske raskt går over i eit karakteristisk kor forma som ein samtale med Vinaccia, der Smith etter kvart blandar seg inn. Eit absolutt høgdepunkt!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.