Ande og ettertanke

Trua på vona i kristen- og jødedomen, på styrken og overlevingsviljen ho gjev, inspirerte Kammerkoret Nova til albumet Of Light and Dust, som inneheld samtidsmusikk og folketonearrangement. Korverka har det sams at dei uttrykkjer trua i ikkje-liturgiske rammer.
Fleire av stykka har tilknyting til holocaust, til dømes den anonyme teksten Kim André Arnesens (fødd 1980) komposisjon Even when he is silent byggjer på: «Eg trur på sola, sjølv om ho ikkje skin/ Eg trur på kjærleiken, sjølv om han ikkje kjennest/ Eg trur på Gud, sjølv når Han teier» – omtrent slik kling det på norsk, det som blei funne skribla på ein vegg i ein konsentrasjonsleir etter andre verdskrigen. Arnesens enkle, talenære tonesetjing, der han gjev rom for ande og ettertanke mellom dei klårt disponerte frasane, er sterk.
Fine er òg folketonearrangementa som avsluttar CD-en: Knut Nystedts (1915–2014) versjon av Landstads «Neslandskyrkja» og Henning Sommeros (fødd 1952) arrangement av Blix-salmen «Med Jesus vil eg fara», som solisten Maria Askvik frå Leikanger prydar med si uvanleg kraftfulle, men klåre og rørlege mezzosopranrøyst.